Det e’kkje alltid like lett å skrive på dialekt. Eller, i alle fall tykkjer ikkje eg det. Etter at eg på vidaregåande bestemte meg for å nytte nynorsk eller bokmål i nærast alt eg skriv, så ser eg også ein ganske stor sperre når eg ein gong i blant skal setje meg ned og skrive på dialekt. Dette skjer vel stort sett berre når eg skal skrive songtekstar på norsk, fordi eg skriv dei for at eg skal syngje dei, og eg er elendig på å imitere andre talemål. Når eg då skal skrive desse songtekstane på mi norske, utvatna vestlandsdialekt, så sit eg ofte og stiller spørsmål ved meg sjølv og mitt talemål.

«Seier eg no eller ? Ti eller tid? Kor mange av desse orda er ord eg faktisk seier lengjer? Kor mange av dei er ord eg ikkje har med frå mi dialekt likevel? Kva om bestemor ikkje skjønar kva eg syng om?!»

Det er vanskeleg, for å skrive på dialekt har potensiale til å gi teksten ein mykje meir autentisk kjensle. Så når eg skriv ein songtekst på dialekt og framfører han, vil eg at folk skal tenkje: «Ja, dette er Ida!». Og av og til er dette vanskeleg å kjenne. Sjølv medan eg sit der, skriv ned eit ord, seier det høgt til meg sjølv 17 gongar, skakkar på hovudet, les det ein gong til, seier det høgt til meg sjølv eit par gangar til, klør meg litt i bakhovudet og masserer tinningen med to gitarfingre. Sjølv då kan det vere vanskeleg å sjå kva som er dine ord, og kva du har lånt frå andre.

Når det er sagt, vil eg også påpeike at det er ikkje noko gale i å late seg inspirere av andre dialekter, for dialekt er sjukt tøft! I samband med min tekstproduksjon, handlar det vel meir om kva som er den tradisjonelle dialekta der eg kjem frå. Eg har lærd meg å ikkje leggje for mykje i det andre seier og tykkjer, men det er framleis litt kjipt når dei gamle snakkar om korleis dialekta dør ut, også sit eg der med ei austlandsdialekt på morsida, ein vestlandsdialekt på farssida, ei dansk mormor, vener i fleire land og heile verda for mine virtuelle føter.

Det er ein augeopnar å skrive på dialekt. Eg tvinger meg sjølv til å gjere det oftare, både for å gjere meg meir bevisst på kva mi dialekt er, og for å gjere verda meir bevisst på kva mi dialekt er.

I håp om å inspirere, legg eg ved ein songtekst eg har skrive på dialekt for nokre år sidan. Mykje her er ord eg nyttar meist når eg er i barndomsheimen, men nokre ting har eg jobba hardt for å halde på sjølv når eg ikkje er hjå mor og far:

Du e’ ein planet
Og verda e’ din måne.
Kreinsar kring om deg
Og utan vil ho blåne.
Du tenkje aldri på
At månen passa på deg.
For du e’ kald og tørr og nådelaus
Og ingenting for meg.

Lat kloten svelgje deg,
Lat verda klekke deg,
Som eit fjørkre frå eit egg.
Så flyg du vekk frå her,
Slik som du alltid gjer,
Så fort dei overskuggar deg.

Eg har sett deg før,
For du gjer dagar dystre.
Du har mange brør,
Og like mange systre.
 
De tek alt for gitt,
Alt som e’ mitt e’ ditt,
men du kan aldri dele med meg.
Lat kloten svelgje deg,
Du er’kkje meint for meg.
Og eg e’ ikkje den du trur.
 
Du var alt for meg,
Men tida endra seg,
Og eg e’ ikkje den eg var.
For Midgardsormen kom,
Og elva stod i flom –
Me skal ve glad for det me har.
Har du sakna meg?
Eller handla alt om deg?
Kan du ikkje takle motgang?
Det er’kkje verdt di ti,
Så lat meg få sleppe fri,
Kanskje treff du meg ein gang.
 
Lat kloten svelgje deg,
Du er’kkje meint for meg.
Og eg e’ ikkje den du trur.
Eg er’kkje månen din,
Du er’kkje kloten min,
Nei, eg e’ ikkje den du trur.
Du var alt for meg,
Men alt forandra seg.
Eg var aldri som du trur.

God laurdag!

– Ida

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.