Film er ein velkjend måte å halde seg sjølv underhaldt på no for tida, og kvart år vert det gitt ut fleirfaldige nye filmar av ulike slag over heile verda. For nokre er det å sjå på film ein måte å slå i hel tid ein ikkje vil eller orkar å nytte til andre ting, for andre er det ein hobby, og for nokre er det ein lidenskap. For nokre er det også i større eller mindre grad ein del av jobben deira.

For meg er film ein verdifull måte å underhalde meg sjølv, slå i hel tid, og vekke inspirasjon og motivasjon i meg sjølv. Det kan vere veldig mykje ved ein film som inspirerer meg. Nokre gongar er det estetikken og det visuelle som er hovudinspirasjonen; nokre filmer ser fantastiske ut, nesten uansett korleis ein vrir og vender på det. Andre gongar er det historia, handlinga, det som skjer og har skjedd, og kanskje til og med det som kjem til å skje etter filmen er over. Karakterane i filmen kan vere inspirerande, anten fordi dei er så enkle å kjenne seg att i, eller fordi dei er akkurat slik ein sjølv skulle ynske ein skulle vere. Av og til er det til og med inspirerande med ein skikkelig god skurk, anti-helt, rival eller liknande.

Eg spurde våre følgjarar på Facebook, og nokre av mine nære vener, om dei ville dele sine beste tips frå filmer med oss, anten dei var relatert til skriving, lesing, motivasjon, sjølvoppfordring eller engasjement. Eg spurde også kva for filmar som inspirerer våre følgjarar. Her er nokre av dei svara eg fekk:

Blir alltid inspirert av å se på Ringens Herre eller høre på musikken!

Jeg liker filmer som Forrest Gump, 127 Hours, Big Fish, The Truman Show, Life of Pi og Neverending Story. De inspirerer meg på ulike måter som jeg ikke egentlig helt klarer å sette ord på selv. Og om det er noen anime-fans der ute, så synes jeg også at The Great Passage (Fune wo Amu) er en god og inspirerende film.

Pirates of the Caribbean har ganske mange kule karakterer. Jeg synes også Avengers er spesielt inspirerende, jeg er en stor fan av Hulk som karakter. (Selv om Thor absolutt er min favoritt!) Når det kommer til handling liker jeg Imitation Game, den motiverer meg til å være det beste jeg kan være.

Butterfly Effect er veldig kul om man ønsker å utforske litt intrikat historiefortelling. Ellers er jeg en stor fan av Back to the Future, som har en veldig stabil og fast historie!

Eg er veldig glad i fantasy og sci-fi, og tykkjer det er spesielt kult når filmer bruker effekter og animasjon på ein god måte. Det gir meg sjansen til å leve utanfor vår faktiske verd, og inspirasjon til å ville skape ein like utfordrande og utforskande verd som det filmane ofte gjer. Eg tykkjer for eksempel at Alita: Battle Angel er veldig kul slik. Derimot tykkjer eg minst like ofte at musikk, karakterbygging og handlingsforløp er viktig for å inspirere. Imitation Game har satt seg veldig sterkt i meg. Den får meg til å ville utrette gode ting.

Som de ser, så kan film bidra på fleire punkt. Det same gjeld musikk, videospel, serier – og bøker. Det å vere kreativ har i stor grad blitt å ta noko du har sett før, og føye til dine eigne tankar og idear til det. Det er så mykje der ute som allereie er påtenkt, oppdikta, og utført – det beste me kan gjere no, er å ta tak i dei bitane me sjølv føler taler mest til oss, og gjere dei til ei eiga bit av vår kreative ytring. Det er viktig å kunne late seg inspirere frå andre utan å plagiere. Sjølvsagt kan det vere vanskeleg å sjå skiljet nokre gongar, men så lengje du klarar å plukke ut inspirasjon utan å gjere krav på ein annan person sin fullstendige idé, så trur eg du skal kunne klare å nå langt.

God laurdag!

– Ida

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.