Eg er den typen menneske som henger meg opp i ting eg likar. Det er veldig sjeldan eg ikkje har dilla på noko – det kan vere kva som helst, og som regel har eg dilla på fleire ting samstundes.

Oftast får eg dilla på ein song eller eit band, men eg har også perioder der eg er skikkelig hekta på eit spel, eller eg ser ein film eller serie omatt så mange gongar at eg ikkje veit kva som er film og kva som er ekte lengjer. (Neida, men eg vert veldig investert i filmer og serier veldig fort!) Det kan vere mat, aktiviteter, uttrykk, tema – eg er veldig glad i mine besettelser.

Det kjem også veldig ofte i perioder, og avhenger veldig av korleis eg har det i perioden. Nedanfor har eg lista opp mine current obsessions! Har du nokre current obsessions? Del dei med oss i kommentarfeltet!

  • Aktivitet med andre: Gå på kino, gå på fjellet.
  • Band: Rise Against.
  • Film: Spider-man: Into the Spider-verse.
  • Hobby: Spele gitar og syngje, perle, spele videospel.
  • Mat: Rett i koppen-tomatsuppe med mozarellaost og ris kokt i grønnsaksbuljong. (Ikkje saman, vel og merke!)
  • Parfyme: Escada Sorbetto Rosso.
  • Serie: Scrubs og RuPaul’s DragRace.
  • Song: Shallow – Lady Gaga & Bradley Cooper (Frå «A Star Is Born»)
  • Uttrykk: «Unnskyld deg!», eventuelt «Excuse you!» (med veldig tydelig preg av spøk, sjølvsagt.)
  • Videospel: Sea of Thieves.

Har du ein current obsession? Kva er det, og korleis verkar det inn på kvardagen din?

God laurdag!

– Ida

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.