I januar var eg i Ålesund og haldt ein workshop om versbygging i fantasy og sci-fi. Utan å gjere krav på alt for mykje kompetanse innan emnet, likar eg likevel å tru at eg har ein del innsikt i kva som funkar for meg når eg skal lage meg ei fantasiverd til historiane mine. I tillegg er eg lærar, og ser stor verdi i å kunne dele kunnskap oss mennesker imellom. Difor tenkte eg at eit kort samandrag av workshopen min kunne vere greitt, ikkje berre for dei som var der og ikkje hugsar alt eg sa (forståeleg, for eg sa mykje), men også for dei som ikkje var der og skulle ynske dei hadde hatt moglegheita.

Eg vil vidare presisere at det er inga bestemt rekkefølgje ein må fylle ut desse punkta i, og det er ikkje eit krav å fylle ut alt. Dette samandraget er meir eit forslag: kva kan vere lurt å tenkje over? Eg vil hjelpe dykk å plukke opp tankerekka der de slapp han sist, eller hjelpe dykk med å få fatt på han i det heile teke. Med andre ord er dette tips, innsikt i kva som hjelper meg når eg står fast.

Sjølv har eg fått mykje inspirasjon og hjelp frå The Planet Construction Kit skriven av Mark Rosenfelder. Boka handlar om korleis ein kan gå fram for å lage ein planet, eller ei verd. Fram til eg kjøpte boka på Kindle, hadde eg veldig vanskeleg for å samle meg nok til å vite kvar eg skulle byrje. Rosenfelder gav meg nokre faste knaggar å hengje tankane mine på – noko som etter tur har hjelpt meg å sortere og organisere mine tankar om mine verdner og historier, samt at det har hjelpt meg å finne ein litt meir konsekvent raud tråd. Eg har framleis mykje arbeid førre meg, men i det minste har eg ein oppskrift på korleis eg kan byggje grunnmuren min.

Og med alt dette sagt, vil eg no ynske dykk hjarteleg velkomne til Verdsbygging – eit samandrag.


Verda

Verdshistoria – eller tidsline.

Verda har si historie; ting som har skjedd og påverka alt som finst i verda. Ei tidslinje kan vere eit fint hjelpemiddel til å skaffe litt oversikt over kva som har skjedd før, og korleis det har forma verda slik ho er i di historie si notid. Sjølv tykkjer eg det er hjelpsamt i sjølve historieforteljinga mi. Det gir meg noko å referere til, grunnlag til kultur og språk, til tradisjon og utvikling. Om du har spesifikke tankar om verda di si forhistorie, så anbefalar eg å skrive henne ned!

Natur og klima.

Det kan vere ein idé å setje seg inn i korleis naturen og klimaet påverkar omgivnadane sine. Eit tips frå meg er at du lagar deg ein standard – og kanskje også gjerne eit kart – som viser korleis naturen er bygd opp, og korleis klimaet er i ulike område av verda di. Sjølv om historia di kanskje berre skal ta stad ein spesiell plass i verda, kan det vere greitt å vite korleis resten av verda også ser ut, om enn berre for di eiga skuld. Om du treng tips til korleis ein kan lage kart, så vil eg varmt anbefale nettsida Inkarnate. Denne er spesielt god for fantasy, men kan godt nyttast berre for å lage eit land, plassere ut skoger og elver og fjell. Ein kan registrere seg gratis på Inkarnate og få brukt verktøya godt, eller ein kan registrere seg til ein «pro plan», anten for omtrent 215 kroner i året, eller omtrent 45 kroner i månaden, med tilgang til fleire verktøy og goder.

Folk og dyr.

Som sagt over, så vil nok naturen og klimaet ha mykje å seie for omgivnadane sine. Dette inkluderer også folk og dyr i verda di. Kva folkeslag finst det i di verd? Kanskje skriv du ei historie der mennesker er den einaste arten som er verkeleg bevisst alt som skjer rundt dei? Eller kanskje du skriv ei historie der det finst fleire artar som lever side om side med kvarandre, på godt og/eller vondt? Det er viktig å nemne at det er nok med eit folkeslag for å skape interessante historiar, men å inkludere fleire folkeslag kan skape variasjon og ein sjanse til å leike seg med verdsbygging på fleire plan.
Om du skal ha fleire enn eit folkeslag, er det også greitt å spesifisere korleis desse sameksisterer. Er dei likestilte? Er dei i krig? Veit dei om kvarandre i det heile teke? Bur dei side om side, eller er dei separert? Naturen kan ha mykje å seie for dette. Det same gjeld dyra i di verd, då dyr har sine naturlige habitat. Det kan vere lurt og fordelaktig å halde dyra til klima og naturområder som passar deira naturlege habitat i vår verd. Det hjelper å skape ei kjensle av truverd i historia di. Også naturlege næringskjeder (kanin et gras, rev et kanin, gaupe et rev) kan vere ein stor hjelp i å lage eit variert dyreliv med truverd.

Busetjingsmønster.

Med dette tenkjer eg altså på korleis folket bur og lever. Består verda di i stor grad av større byar, mindre landsbyar, eller finst det god variasjon? Det er absolutt sjanse for å variere, og ein kan nytte mange formar for busetjingsmønster. Kanskje finst det både bygd, landsby, storbyar og metropolar i verda di? Eller kanskje lever nokre som nomader, som flytter frå plass til plass alt etter kva som passar, eller som eremitter, isolert frå samfunnet? Kanskje er dei fleste busetnader samansett av familier og klaner heller enn eit samfunn samansett av fleire familier? Her kan det vere greitt å sjå litt på korleis naturen og klimaet er i området historia di går føre seg. Også dyrelivet rundt kan påverke – og kan påverkast av – busetjingsmønsteret. I tillegg vil meist sannsynleg to like busetjingsmønster, eksempelvis to byar, likevel vere veldig forskjellige.

Befolkinga

Samfunn og styresmakt.

Her tenkjer eg hovudsakleg på korleis samfunnet er bygga opp og kven det er som styrer samfunnet. Det kan vere greitt å sjå på fleire punkter:
1) Er samfunnet foreina, eller er det splitta?
2) Kor tolerante er borgarane ovanfor (kvar)andre?
3) Har alle like sjansar? Kan alle lære seg å lese og skrive, for eksempel?
4) Har alle tilgang til godt arbeid og gode levekår?
5) Finst det ein form for klasseskilje? I så fall, kven utgjer den høgaste klassen? Kven utgjer den lågaste?
6) Finst det fleire folkeslag i samfunnet? I så fall, kven utgjer majoriteten? Og korleis påverkar det minoriteten?
7) Kva er samfunnets mest pressande problem? Er det for stort glip mellom dei rikaste og dei fattigaste? Er kriminalitet eit stort problem? Krig?
8) Korleis vert samfunnet styrt, og kven er det som styrer det? Er det monarki (kongemakt), teokrati (religiøs makt), demokrati (folkeval), eller ein annan styreform som står i spissen?
9) Korleis vert styresmakta vald? Er det gjennom arv, konkurranse, val, eller andre metodar?

Lov og kriminalitet.

Eit anna tips er å tenkje over kva lovar og reglar har å seie for ditt samfunn. Kva rettssystem har samfunnet, og kven er det som sit med lovretta makt? Jo meir definert eit lovverk er, jo større sjanse er det også for at samfunnet også har eit omfattande rettssystem. I nokre tilfelle er det nok også naturleg at styresmakta, altså dei som styrer samfunnet, også har lovutøvande makt, altså at dei også styrer kva som er rett og galt i eit samfunn. Det betyr også då at dei som styrer samfunnet i bunn og grunn også kan sitje med ansvaret for å handtere eventuelle lovbrot. Likevel finst det også dei rettssystema der dei utpeiker representantar til å handheve lova for dei. Nokre rettssystem gjer dette for å forhindre korrupsjon. Eit forslag er å gjere det tredelt:
Ein jury, som ser på bevis i ei sak og dømmer saka frå synspunktet til «mannen i gata».
Ein dommar, som gjerne har meir innsikt og erfaring og/eller utdanning innan jus og difor også er meir kvalifisert til å treffe dømmande avgjerdsler.
Ein bøddel, som i dette tilfellet er ein metafor for den som tek ansvar for at dommen tek effekt.
Du kan også dra fordel av å tenkje litt over kva som faktisk er ei kriminell handling i ditt samfunn. Kor stor er forskjellen mellom små og store lovbrot? Er det, i følgje lova, forskjell på lommetjuveri og drap? Kva straffemetodar nyttast? Vert mindre og større lovbrot straffa ulikt? Eller vert alle kriminelle behandla likt? Kor mykje kriminalitet er det i ditt samfunn? Mykje av dette avhenger veldig av i kva grad kriminalitet er definert. I ein by der lommetjuveri er ulovleg, men ikkje mord, så er det ikkje høg kriminalitetsrate om halve byen verd myrda, men ingen stel frå kvarandre.

Militærmakt og utanrikspolitikk.

Korleis vert militære styrker organisert i ditt samfunn? Nokre samfunn har profesjonelle hærar, det vil seie ei militærmakt som jobbar og lever som militærmakt og bidreg til samfunnet deretter. Andre har bundne periodar der innbyggjarane må utøve militære tenester, litt i same stil som fyrstegongsteneste i Noreg. Det går også an å ha samfunn der det ikkje finst ei definert militærmakt, anten fordi samfunnet i seg sjølv er så kampdyktige at dei ikkje treng å definere det, eller fordi dei ikkje ynsker å framstå som ein trussel. I tillegg til å bestemme korleis militærmakta funkar, så er det også ein idé å sjå på korleis samfunnet opplever og reagerer til andre samfunn. Er dei diplomatisk innstilte, med eit ynske om å kunne kommunisere og leve fredeleg side om side? Er dei defensive, klare for å beskytte seg sjølv i fall dei vert angripne? Eller er dei kanskje offensive, klare for å angripe ved det minste teikn til trussel? Kanskje dei ynsker å starte handel med andre samfunn, eller inngå ein allianse for å styrke sin posisjon i verda? Det finst mange måtar å gjere det på, men det er greitt å vere medviten og tenkje over korleis ein ser for seg sitt samfunn.

Kultur og yrkesliv.

Eg skal seie med ein gong at eg har ikkje tenkt til å ta for meg kvar einaste bit av kulturen og yrkeslivet eit samfunn kan omfatte, for kultur og yrkesliv er så veldig mykje og stort at eg vil aldri føle at eg har rettferdiggjort alt. Men eg vil nemne dei punkta som har falt mest naturleg for meg i mi verdsplanlegging.
Lese- og skrivedugleik. Kan alle skrive og/eller lese, eller er den typen kunnskap meint for ein spesiell gruppe i samfunnet? Kan ingen skrive eller lese? Nyttar dei andre metodar som erstatning for skriving eller lesing?
Språk. Nyttar samfunnet eit universelt språk, eller finst det fleire språk? I så fall, kvar går skiljet mellom språka? Går det mellom arter, klasser, områder, eller situasjonar? Nokre samfunn har kanskje eit språk dei nyttar til kommunikasjon, og eit dei nyttar til namngjeving for folk og stader, for eksempel.
Høgtid, feiringar og tradisjonar. Kva er samfunnets største grunnlag for kulturelle hendingar og feiringar? Har dei grobunn i religion, historie, overtru, eller har tradisjonane endra seg med tida?
Sport og kunstartar. Korleis vert sport, musikk, kunst, arkitektur og andre kunstartar sett på i samfunnet? Er ein form meir verdsett enn ein annan? Er all sport og kunstart likestilt og likeverdig? Er det ikkje viktig for samfunnet? Eller kanskje det er ei spesiell gruppe eller klasse som har større rett eller interesse for denne delen av kulturen enn andre?
Samliv og reproduksjon. Er samliv og reproduksjon avgrensa til ekteskap? Er ekteskap og romantikk to separate ting? Har alle fritt val til å gjere med sitt samliv som dei sjølv ynsker? Er det ulikskapar mellom folkeslag, samfunnsklasser eller yrkesgrupper?
Økonomi. Korleis er samfunnets økonomiske situasjon? Klarar dei seg på det dei sjølv produserer? Handlar dei med andre samfunn? Har dei kommandoøkonomi, der ei sentral styresmakt har full kontroll over produksjon og prisar? Eller kanskje dei har marknadsøkonomi, der det er tilbod og etterspurnad som bestemmer prisane på og fordelinga av ressursar?
Matproduksjon. Kva mat produserer samfunnet ditt? Matproduksjon kan bestå av fleire ting:
1) Jakt og samling, altså dyrekjøt og villtvaksande planter.
2) Fiske.
3) Hagebruk, altså dyrka hageplantar på eit avgrensa område.
4) Vatningsbruk, altså kunstig tilførsle av vatn til område med lite naturleg tilførsel av vatn for å framskunde vekst.
5) Dyrebruk, altså landbruksdrift med pleie, oppfostring og bruk av dyr.

Religion og (over)tru.

Religion, tru og overtru verkar ofte inn på etikk og moral i eit samfunn. Såleis har det også sitt å seie for lovar og reglar, kultur og yrkesliv, styresmakt og militærmakt. Difor kan det vere viktig å sjå litt på desse punkta når du bygger ei verd og eit samfunn:
Etikk og moral. Kva vert sett på som etisk «riktig» eller «galt» i samfunnet ditt, og kva verdsetjast som «tillateleg» og «utillateleg»? Kva er viktige verdiar og haldningar i samfunnet, og korleis skiljer dei mellom «bra» og «dårleg»?
Religion. Har samfunnet ditt ein religion? Kanskje det til og med har fleire? Og korleis er i så fall desse religionane bygga opp? Dette kan vere ein monoteistisk religion, der det er ein allvitande gud, eller det kan vere polyteisme, med fleire gudar som har sine anvsarsområde. Nokre religionar har kanskje dyr knytt til sjel eller ande, medan andre fokuserer på forfedre og dei som har levd før oss. Ein religion kan tilbe andre arter eller raser, eller kanskje ein tilber magi?
Overtru. Overtru er krefter utanfor det me kan forstå, og som verkar inn på oss på ein eller fleire måtar. Det er gjerne ting som skjer utan ei rasjonell forklaring, altså kjem det veldig an på kvar og ein kva som er overtru eller ikkje. Noko overtru kan bevisast gjennom såkalla «halvvitskaplege vitskapar», og for dei som er tilhengjarar av slik vitskap, så vil det kanskje ikkje framstå som overtru.
Overnaturleg. Definisjonen på overnaturleg er «det som ligg bortanom naturen«. Det overnaturlege vert også ofte kalla «paranormalt», og kan ikkje forklarast eller forståast ut frå rasjonell tenking, ettersom det ikkje har noko naturleg opphav.
Utanomjordisk. Dette er ofte mest interessant og aktuelt for dei som skriv eller interesserer seg for science fiction, og fokuserar på kva som skjer utanfor din planet.

Teknologi og utvikling.

Det kan vere greitt å lage seg ein standard for kor langt samfunnet ditt har utvikla seg, og kva form for teknologi dei nyttar. Teknologi og utvikling kan delast opp i to kategoriar.
Praktisk teknologi handlar om produksjonsteknikkar, altså kva framgangsmåtar og hjelpemidlar ein nyttar i eit samfunn. I kva grad har samfunnet ditt nådd det me no kallar moderne teknologi? Er teknologien styrt av magi? Har samfunnet ditt nådd eit meir renessanse-nært steg i utviklinga si, med teleskop, klokker, vindmøller og artilleri? Eller kanskje er samfunnet ditt nådd eit meir futuristisk steg i utviklinga, med teknologi langt meir avansert og utvikla enn den me har nådd i vår verd?
Teoretisk teknologi handlar om teoretisk kunnskap innan ulike vitskapar. Det er altså dei forskingskunnskapane som nyttast for å utvikle nye teknikkar eller materielle produkt. Teoretisk teknologi er såleis vitskapen bak den praktiske teknologien. Eksemplar på dette er pedagogikk, som er læra om læringsprosessar, eller kjerneenergi, som er kunnskapen bak framstilling av kjernevåpen.

Rase, kjønn og klasse.

Til slutt vil eg rette dykkar merksemd mot tema som rase, kjønn og klasse. Det er ganske omfattande punkt som kan gjerast veldig ulikt frå historie til historie, verd til verd, samfunn til samfunn. Sjølv tykkjer eg det er hjelpsamt og viktig å setje ein standard for om det finst fleire rasar, eller om det berre finst ein. Med rase tenkjer eg hovudsakleg på folkegrupper, eksempelvis mennesker og dverger, men det går også an å definere eit raseskilje innad ei folkegruppe for å skape konflikt og historie med framgang. Det kan også vere aktuelt for nokre å sjå på kjønnrolle og -fordeling – er det ei fast fordeling, eller kan ho endre seg etter behov eller ynske? Og om det er kjønnsfordeling, kva for rolle har dei i samfunnet? Er alle kjønn likestilte, eller er eit dominerande over andre? Er det ulik rollefordeling uavhengig av kjønn, med fokus på styrker og personlegdom? Kanskje kjønnsfordeling ikkje er eit aktuelt tema i di historie fordi samfunnet ikkje ser det som naudsynt å fordele? Og kva klassar finst det i ditt samfunn? Er det klassefordeling i det heile teke?


Og med det vil eg takke for meg for denne gong! Eg håpar at nokre av dykk har funne inspirasjon og hjelp i denne (litt vel lange) bloggposten. Eg har sjølv funne mykje hjelp i fleire av desse punkta, som er kvifor eg ynsker å dele akkurat dette med dykk. Ha ein fin laurdag, folkens, og god skriving!

Helsing Ida.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.