Svevngjengar

Ei Hand å halde i

19.01.2019

Eg kan ikkje bære deg,
du må sjølv lære å gå.
Men eg kan halde i handa di
og hjelpe når ferda tek på.
Eg kan ikkje fikse deg,
såra må du sjølv sjå til.
Men eg kan rekkje deg plasteret
og setje det på, om du vil.
Eg kan ikkje helbrede deg,
smerta må du jage bort.
Men eg kan vere ved sida di
og trøyste til jobben er gjort.

Eg kan ikkje gjere det for deg,
sjølv om eg alltid så inderleg vil.
Du må sjølv prøve og du må sjølv feile
heilt til du ser at du får det til.
Men eg vil alltid vere der med deg,
hjelpe deg alt det eg klarar og kan.
Så ikkje ver redd for å strekkje deg til meg,
her finn du alltid ei hjelpande hand.



Tenn Ljos

19.01.2019

I mørkret verker alle sår
Av lite mat og tronge kår,
I kulda høyres gråt av kvie
Av gatar fulle i julestrie.
Bak glanspapir og silkeband
Gøymer seg ei stille hand
Som ber om klede, hus og mat
Som framleis held attende hat.
For kjærleik lyser alle gatar
og tener meir enn dei som hatar.
Den som både gir og får
Skal straks få kjenne attgrodd sår
Skal straks få høyre gråten falle:
God jol til deg, og til oss all


Tusen og ein draum

18.05.2018
Du
med draumar på hjernen
og sand
i magen.
Du
som prøvde å svelge
kamelar, men alt som gjekk ned var
sand og støv og hår.
Du
som druknar i
håplause håp om at
ein dag
vert du meir enn ein som
draumar.
Ein som gjer
og som
lukkast.
Du
som prøvde ditt beste men
alt
er for dårleg og
sakte
men sikkert
fell du saman på innsida og
du var jo alltid allergisk
mot støvet
i magen
var du ikkje?