Kniplingar i potetgrateng

08.03.2018

Eit godt måltid
Skal vere ny silke
Og er som
Erosjon i kjeven
I takksemd
For vårt daglege brød
Som gåve
For å fråtse
Er vel
Snillhetas makt

Kring venskapens sjanse
Hvis eg talar
Kring meg
I tom sal
Og ein venskapens varme
Snor seg rundt livet

Når omsorgen rann
Fyrst i takksemda
Kva gjer eg då
Under stolen og frys
Ser menneskje ingen

Utan det
Hadde eg nok
Drukna i forvirringas duggdråpe
Filtrert
Gjennom lufta
Som pressar
Ut all form for
Klarhet
Kun håpet om
Klarhet består i
Ein betre illusjon
Av menneska sin gåve
Om omsorg.

– Sara Kristine Eklund Krog